Fitjarbuen og Fitjar VGS-eleven Anne Lise Sjo Bårholm gjekk heilt til topps i MOT sin T-skjorte-design-konkurranse.

-Eg sendte eit forslag til denne, og fleire andre konkurransar, mest på gøy, venta ikkje å vinna. Så då eg fekk ein sms, og seinare e-post, om at eg hadde vunne konkurransen, vart eg både overraska og kjempeglad, strålar Anne Lise til fitjarposten.no

Som vinnar fekk ho tilbod om å kome til reklamebyrået Scanpartner i Trondheim for å følgja den vidare utforminga av idèen sin. Ho var òg på veg, men sterk snøfall på Flesland gjorde at den aktuelle flyavgangen vart kansellert. I stadet er ho i kontinuerleg dialog med firmaet om fargeval og liknande.

Ein arbeider no for å få 7-eleven og Narvesen til å selje T-skjorta. Om ikkje det går i boks vert MOT si nye T-skjorte uansett  trykt med Anne Lise sin design, truleg allereie no i vår.

-Svært spennande synest Anne Lise, som heilt i frå ho var lita har elska å teikna.