Roger Træet har vore i Bekkjarvik og vunne bridgeturneringa Bridge i havgapet.

Fredag 1. mai tok Roger Træet turen til den vakre perla i havgapet nordom fjorden. Her gjekk Brigde i havgapet av stabelen i godvêr på idylliske Bekkjarvik Gjestgiveri.

Roger fortel om stødig og godt spel heile vegen, saman med makker Stig Gamlemshaug frå Os. Dei leia første gongen då det stod att berre fire av totalt 48 spel, og det var spaning heilt til siste slutt. Roger trudde at sigeren rauk i siste runde (-16,4), men kunne pusta letta ut då dei rett bak òg hadde ein dårleg avslutningsrunde.

Makker Stig Gamlemshaug er den høgast ranka bridgespelaren i distriktet vårt, og dei to var ranka blant dei tre beste para i turneringa. Me kan såleis snakka om ein favorittsiger for Roger Træet og makkeren hans, og me gratulerer.

Resultatliata finn du på denne linken til bridge.no.

 

Ingressbilete: Roger Træet med caps spelar bridge i Bekkjarvik, midt på biletet ser me makker Stig Gamlemshaug. Til venstre Ole Årland. Foto: Privat.