Fitjar sitt A-lag vann 3-2 over Eidsvåg på kunstgrasbanen på Fitjar i ettermiddag.

Fitjar spelte i dag årets første heimekamp i serien. Etter 3 poeng i seriepremieren borte mot Minde, var det i dag Eidsvåg som sto på motsatt banehalvdel. Pga. mykje nedbør siste døgnet vart kampen flytta frå grasbanen ned til kunstgrasbanen.

Kampen opna ikkje spesielt godt for Fitjar, laget kom aldri skikkeleg i gang med pasningspelet, og dei fleste framspela skaut fart på det våte underlaget og for ut over dødlinja. Eidsvåg hadde fleire farlege hjørnespark, men Brynjar T. Engelsen kjem nærmast når han aleina med keeper set ballen i stolpen. Like før pause tar likevel Eidsvåg leiinga, eit langt frispark bakfrå blir heada i mål. Når så Eidsvåg legg på til 2-0 fem minutt ut i andre omgang, ser det ut som det går mot borteseier.

Brynjar T. Engelsen skaper ny spenning i kampen når han reduserer på ei fin heading. Fitjar-laget kjem gradvis meir inn i spelet, og spelarane finn kvarandre betre og betre. Utlikninga kjem 10 minutt før slutt, Kjell Andre Thorland slår eit perfekt, hardt innoverskrudd frispark som Jan åge Tislevoll stanger i nota og dermed er laga like langt. Thomas Vestbøstad Waage er farleg frampå fleire gonger, og det er ikkje heilt ufortent at det er nettopp han som avgjer kampen med si 3-2-scoring 5 min. før slutt.

I ein ujamn kamp spelemessig for Fitjar-laget er det sterkt at laget kjem tilbake etter å ha lege under 0-2, og at det unge laget får fram den vinnarviljen som må til for dra i land slike tette kamper. Heile laget skal ha ros for den innsatsen dei la ned, spesielt etter pause, fortel trenar Stein Gunnar Halleråker. Han synest Jan Åge Tislevoll stakk seg ekstra fram i dag med ein veldig god kamp. Han viste solid stopparspel i tillegg til ei flott scoring.

Full pott etter 2 spelte kampar gir det unge Fitjar-laget verdifull sjølvtillit fram mot neste kamp, borte mot Austevoll 2, søndag 25. april.