Fitjar kommune har teke imot invitasjonen frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland om å vera med på prosjektet «Vandring i Hordaland».

Det er Aase Nøttveit i Fitjar kommune som fortel dette til fitjarposten.no. Ho har teke på seg å vera kontaktperson for prosjektet i Fitjar. – Målet med prosjektet er å gjera vandring som eit kvalitetsmessig godt aktivitetstilbod meir synleg og tilgjengeleg, heiter det i invitasjonen frå Samarbeidsrådet.

Arbeidet med å samla inn fakta om turstiane i Fitjar har så smått kome i gang. Aase Nøttveit fortel at ho har hatt møte med representantar frå Fitjar Idrettslag og Stord-Fitjar Turlag. Desse har teke mot utfordringa, og har begynt å blinka ut turstiar som bør ryddast, merkjast og skiltast. Etter kvart skal desse også publiserast på internett. Ved å gjera naturen meir tilgjengeleg både for turistar og fastbuande, vonar ein å gjera kommunane meir attraktive som reisemål.

Dei som har forslag til tustiar dei meiner bør vera med i ei slik oversikt, kan ta kontakt med Toralf Røen i Stord-Fitjar Turlag, på tlf. 938 64 817, eller med Aase Nøttveit i Fitjar kommune.