Lite nedbør i sommar har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Når det er lite vatn i elvar og bekker, kan du ta deg fram på stader som elles er vaskeleg tilgjengelege. Slik kan du oppleva naturen frå nye og ukjente vinklar.

Elva som skiljer Rydland og Årbø og renn ut i Storavatnet, er nok den mektigaste på øya. Ikkje minst kan Eggjafossen vera imponerande når det er stor vassføring. Og berre om sommaren er det tilrådeleg å følgja elvefaret gjennom den bratte fossen. Etter lite nedbør i sommar let me oss freista til ei vandring frå Årbøtjødno forbi Eggjafossen, Kvednahølen, Kvednavatnet og Grasvatnet opp mot Sølio.

Turen er ikkje spesielt krevjande, men høver nok best for folk med stødige bein og gode sko.

 

Eggjafossen er ikkje så avskrekkande når det ikkje har regna på lenge.

kulpifossen470
I denne hølen midt i fossen er det råd å bada eller fiska, alt etter verforholda.

utsiktfratoppen470
Utsikt frå toppen av Eggjafossen.

kvednaheulen470
Idylliske Kvednahølen med murane etter Sæterbøkvedno.

kvednavatnet470
Kvednavatnet, utsikt mot Melen og Skorafjedlet.

 linerla470

padda470

aamot470
Her møtest elvane frå Klovskar og Sølio, og blir til den mektigaste elva i Fitjar.

Breiavad470
Den gamle stien og kjørevegen frå Årbø til Sølio kryssa først «Ytsta elvo» – elva frå Klovskarvatnet – så «Midtelvo» – elva frå Sølivatnet – og til slutt Breiavad, som også ligg i elva frå Sølio.