Det nærmar seg utstillingsopning i Fitjar kultur- og idrettsbygg, og frå og med neste torsdag kan me sjå den fargerike utstillinga i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Det er Johanne Øvstebø Tvedten ved Sunnhordland museum som skriv dette i ei pressemelding.

Den fargerike utstillinga «Det starta med silda» på Sunnhordland museum frå 2018 er no produsert i ei ny og mobil utgåve. Slik får alle kommunane i Sunnhordland høve til å studera historia om det eventyrlege sildefisket og det allsidige næringslivet som vaks fram på grunn av det.

Fyrste visningsstad er Fitjar kultur- og idrettsbygg, torsdag 17. september. Utstillinga tek for seg heile Sunnhordland, men ein ny film vil bli vist av Per Drønen, som fortel om islandsfiske i 1963 og 1965. Ein bildeserie på TV-skjerm om fiske og næringsliv er også laga spesielt for Fitjar. Utstillinga vil stå i tre månader før ho vandrar vidare til Søre Bømlo.

Johanne Øvstebø Tvedten, formidlingsleiar ved Sunnhordland museum, har vore prosjektleiar for utstillinga, og mykje av materialet byggjer på intervju av lokale forteljarar og utlån av private foto. Prosjektet har fått støtte frå Vestland fylkeskommune, og er produsert av Zpirit reklamebyrå.

Fitjar Mekaniske Verksted, Fitjar sogelag og Kleppe-familien på Engesund har bidrege med forteljingar og bilde, og museet er svært takksam for bidraga deira. Elevar frå restaurant- og kokkefag ved Fitjar VGS, oppkledde i sine staselege uniformer, blir med under opninga og serverer silde-smakebitar.

På grunn av koronarestriksjonar slepp maksimum 50 personar inn i lokalet om gongen. Dersom det møter fram fleire, vil opningsprogrammet bli gjentatt, men folk må då rekna med litt venting. Vi satsar på at sogelaget får slusa alle over 50 (ikkje alder!) opp i andre etasje, der dei kan vente på opning nummer to. 

– Utstillinga er gratis, og alle som vil kan koma innom i kulturhuset sine opningstider og ta seg god tid til å få med seg alt, skriv Johanne Øvstebø Tvedten, og minner om at skuleklassar vil kunna få eiga omvising og aktivitetsstasjonar. ​

Formidlingsleiar ved Sunnhordland museum, Johanne Øvstebø Tvedten, kjem til Fitjar med utstillinga «Det starta med silda». Foto: Sunnhordland museum.