Vår eigen Solfrid Sandvik Bø vann i dag kvinneklassen i Fitjardalten for tredje år på rad. Det skaffa ho vandrepokal. Herreklassen vart vunnen av Bjørn Tore Taranger frå BFG Bergen.

Solfrid vann føre Ane Agdestein og Helene Eriksen frå Stord, medan Bjørn Tore Taranger i år fekk revansj på Lars Lunde frå Stord, som måtte sleppe relativt tidleg. 49 år gamle Kjetil Dyrvik frå Voss imponerte med ein flott 2. plass på svært god tid.

To av fitjarbuane som deltok, brørne Svein og Gunnvald Aarbø, hadde midt i dalten ein konkurranse seg i mellom, og det vart jamt. Dei veksla med å ha leiinga, men på det siste strekket frå sentrum og opp til FItjar Idrettspark avgjorde Gunnvald det heile til sin fordel. 

Svein fortel at han starta å løpe for ein del år sidan av helsemessige grunnar, og Gunnvald vart så inspirert til å gjere det same. 

Fitjardalten vart i år arrangert for 32. gang. I konkurranseklassen deltok 19 menn og fem kvinner. Ei rekkje born stilte til start i minidalten, og mange nytta høvet til å gå denne distansen på 8,8 km i fineveret. Nokre kombinerte det òg med å ta Idrettsmerket.

steroids online