Det er ikkje lenge sidan VAMP spelte for full Kultursal i Fitjar. 3. november er dei tilbake igjen.

For dei som treng å bli minna om kven VAMP er, kan me repetera at det er ei Haugesundsgruppe som starta tidleg på 90-tallet og «fekk ein pangstart allereie med debutalbumet
«Godmorgen Søster» (1993), godt hjulpne av den eviggrønne, kjempeslageren «Tir Na Noir», i tillegg til framifrå sceneshow. Sidan har gruppa oppnådd det meste ein kan oppnå som musikkgruppe her i landet.

Grunnstamma er Øyvind Staveland, Calle Apeland og Torbjørn Økland, og på deres siste suksessalbum St.Mandag (2008) kom Paul Hansen (27) inn som ny vokalist og Odin Staveland (22) på tangentinstrument, trommer og perkusjon. Han bidrog også sterkt som komponist på utgjevinga.

-Paul Hansen sin vokal gjer kanskje Vamp-balladane endå mer lågmælte og vakre enn tidlegare,
mens trøkket i dei litt mer rocka låtane framleis er til stades, heiter det i ei pressemelding frå gruppa.