Over 200 bilettar er selde, og VAMP kjem på tysdag.

-Dette er svært positivt, og me håpar den sista veka vil bidra til at også resten av billettane vil bli selde. Me har 286 plassar i Amfiet og kan setja inn ekstra stolrekkjer oppe for å få endå meir plass, seier Ole Bergesen til fitjarposten.no.

Han oppfordrar likevel publikum til å førehandskjøpa billettar og ikkje satsa på å kjøpa i døra, sjølv om han vil strekkja seg svært langt at alle skal få plass.

Bergesen minner vidare alle som har bestilt billetter via SMS, mail eller tlf at billettane er reservert og kan hentast i eiga luke. Dei er merkt med namnet på den som har bestilt og betalast kontant der. -Det er ikkje plassbillettar, men alle plassane i amfiet er uansett gode !, seier Bergsen.