Som ein førpremière til opninga av kulturdelen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, blir det VAMP-konsert i den nye kultursalen 2. september kl. 18.00.

Billettar kan allereie no kjøpast på Posten eller gjennom www.billettservice.no

-Vamp er eit av dei beste banda i Noreg, og det er ikkje kvardagskost å få dei til Fitjar. Me trur òg at det vert ein familievennleg konsert, seier ordførar Agnar Aarskog til fitjarposten.no