I dag sender NRK, Hordaland debatt med lokalpolitikar på direkten frå Leirvik. Bilete: Skjemdump frå nrk.no/hordaland

Sendinga kan du sjå ved å klikke her, og så klikke deg vidare på. Sjå video.

Debatten med fitjarpolitikarar er ferdig. Ein god debatt. Men som vår reporter, Harald Johan Sandvik, sa det: – Det kom ikkje eigentleg fram noko nytt som me ikkje visste frå før. Me synest likevel at politikarane fekk sett godt lys på det som skjer i kommunen – og «reklamert» litt for at Fitjar er ei god bygd å bu i.

Temaa som vart tekne opp var mellom anna eigedomsskatt og kommunesamanslåing – og til slutt trekte programleiar Siv Fossåskaret fram at folketalet har vakse i kommunen, og spurde: – Kven er desse nyinnflyttarane?

Det var då Sigurd Andre Maraas (Frp), fekk fram smilen i både panelet og mellom tilhøyrane då han sa. – Eg veit ikkje heilt kven dei er, men eg veit korleis dei er laga.

Heile debatten med fitjarpolitikarane vil du kunne sjå her seinare. No er det duka for debattar med dei andre sunnhordlandskommunane. Vår reporter Arne Vestbøstad har vore til stades på Leirvik – og kjem med meir stoff etter kvart.