To valobservatørar frå OSSE (Organisasjonen for Samarbeid og Sikkerhet i Europa) var i dag i samtale med både representantar frå Fitjar Kommune og Fitjarposten.

Dei to observatørane, Maria Babic – valekspert frå Serbia, og Arben Idrizi – valekspert frå Albania, har som føremål med valobservasjonen å skaffa seg kunnskap om korleis valprosessen i Norge fungerer, og dei fortalde til fitjarposten.no at utenom dei, som no var i Fitjar, har OSSE observatørar sju andre stadar i Noreg òg.

-Det er viktig for oss å ikkje berre sjå på tilhøva i hovudstaden, men like mykje å få innspel på korleis valet går føre seg i distrikta. Derfor har me mellom anna grupper både i Nord-Norge, Midt-Norge og på Vestlandet som alle har samtalar med folk i dei ulike distrikta om korleis dei ser på valopplegget i deira område, og frå deira ståstad, fortel Babic til fitjarposten.no.

Som ein del av programmet ynskte observatørane vidare å få møta representantar/journalistar frå lokal presse for å mellom anna skaffa seg kunnskap om korleis lokalpressa ser på, og utøver si rolle, i samband med val her i landet. I samtale med Fitjarposten stilte dei såleis spørsmål om vår dekning av valet, og om korleis me frå ei lokalavis sin ståstad ser på dei andre ulike norske media si dekning av dette Stortingsvalet.

Maria Babic har i tillegg til å vera valekspert i Serbia, erfaring i valobservasjon i 20 land, og ho har òg vore engasjert av FN. Og det var tydeleg at begge observatørane  på førehand hadde sett seg svært godt inn i den norske valordninga.

Det heile vert summert opp i ein rapport frå OSSE  som vert sendt til alt i frå Utenriksdepartementet til dei som på ein eller annan måte har vore invitert med på dette opplegget. Eit opplegg som òg skal sjå på korleis Noreg held seg til dei forpliktingane dei har teke på seg med omsyn til val. Forpliktingar Noreg har skrive under på i lag med 56 andre land.