Framstegspartiet stod på stand i føremiddag utanfor Larsen-butikken.

Sigurd Andre Maraas som er partiet sin ordførarkandidat, hadde med seg Ove Raunholm. Desse to delte ut valkampmateriell og kaffi og snop. Sigurd Andre seier at dei har fått presentert partiprogrammet og hatt fine samtaler med fitjarfolk og tilreisande. Det har blitt både ris og ros, og begge delar er nødvendig for å få fokus på det FrP brenn for her i bygda. FrP vil at Fitjar skal vere ein ja-kommune med særleg fokus på arbeidsliv og førebygging. Ved å lese programmet får ein sjå FrP sine ambisjonar. Dette kan ein og finne i felles valavis for Fitjar kommune, som vart lagt i alle sine postkasser denne veka. Nemnde avis inneheld også generell informasjon om valet den 12. september.

Sigurd Andre Maraas oppfordrar folk til å kome på stand dei tre komande laurdagane før kommune- og fylkestingsvalet. Då vil nok alle partia ha kvar sin stand og presentere sine program.