Fem politiske parti stod på stand side om side i føremiddag.

Alle hadde partiprogram til utdeling og det lukta nysteikte vaflar. Kaffi vart bydd fram i lag med typiske symbol, til dømes roser som AP delte ut. Mengda av folk som ville diskutere politikk var ikkje stor denne laurdagen. Det fekk me stadfesta av Gro Rydland, ein av Sp sine representantar. Men ho fortalde at det var mykje politisk prat mellom dei som stod på stand. Partia har vore på plass fleire laurdagar tidlegare.

Ofte sit det nokon med loddbøker og fine gevinstar i gongen hos Larsen Spar. I dag trefte me Aud Vedøy som selde lodd til inntekt for NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband). Ho syntest mange var ute med handlekorga, og dei nytta høvet til å støtte ei god sak. På ein plakat stod det påminning om basar i Øvrebygda bedehus andre laurdag i oktober.