Midt i folkehavet under Fitjarfestivalen på laurdag var det òg valkampopning.

Jette F. Christensen, nr. 2 på Hordalands-lista for Ap, tok kontakt med oss dagen før. Derfor har me allereie skrive om Arbeidarpartiet. Her følgjer kva dei andre partia ville ha fram. Alle fekk nemna to saker dei var opptekne av.

Høgre
Dei hadde òg storfint besøk i det 5. kandidaten på deira fylkesliste, Sigurd Hille, òg hadde teke turen til Fitjar. Han har mellom anna site i samferdslestyret i Fylkestinget, og nemnde naturleg nok E39 som den første saka.

– E39 er ein livsnerve i heile kysten, og konkret har me gått inn for det midtre alternativet for Hordfast. Dernest nemner han formuesskatten som er svært viktig å få vekk, ikkje minst med tanke på å tilrettelegge for eit aktivt næringsliv.

– Dei inntektene kommunene taper ved å ta vekk denne skal kompenserast fullt ut av staten i løpet av perioden, lovar han.

SV
SV er først og fremst oppteken av miljø. Og sidan dette er eit stortingsval trekkjer dei fram vern om Lofoten som kjempeviktig. Meir enn å bygge ut E39 er dei opptekne av å sikre dei vegane og tunnelane me har no. Her ønskjer dei nasjonal styring. Dei er elles svært skeptiske til å redusere skattane.

– Det vil gå ut over kommunale aktivitetar i distrikta, meiner Annvald Tufteland og Bjørn Haaland, som me møtte på denne standen.

Sp
På Sp sin stand fann me Gro Rydland med barnebarnet Elisabet Rydland Sæbø. Gro hevda at den raudgrøne regjeringa har styrkt kommuneøkonomien.

– Ein har fått meir pengar til alt, sa ho. Elles er sjølvsagt landbrukspolitikken særs viktig for oss.

– Me ønskjer å gje bøndene levelege vilkår, understrekar ho.

KrF
Ikkje uventa er KrF mest oppteken av verdispørsmål med omsyn til familie og dei svake. Mellom anna vil KrF gi meir valfridom til familiane. Dernest E39. Dei er samde med Høgre om det midtre alternativet, og vonar at ny bru til Tysnes vil bli plassert  lengst muleg nord på øya. På deira stand stod Rasmus Fitjar og Johannes Nesse.

De kristne
Dette nye partiet hadde ikkje stand, men dreiv likevel valkamp på Fitjar på laurdag. Anne Marie Slevigen og Gudrun Matre Siglen både prata med folk og delte ut brosjyrar dei òg.

Som det ligg i namnet er det først og fremst kristne verdiar dei er opptekne av, og dei nemnde Vern om ekteskapet og Bibelen som fundament for samfunnet som to viktige saker dei  vil fremja.