Mange fitjarbuar har nytta den uvanleg fine romjula til å komma seg ut på ski. Rundt på heimebøane i Fitjar har bøndene kjørt opp fine skiløyper, noko dei har fått mykje velfortent skryt for. På parkeringsplassane ved hovudvegen har me sett fullt av bilar parkert heile dagane. Dette er eit sikkert teikn på skiløparar på tur til fjells. Fitjarposten har teke runden rundt Melen og møtt på mange fornøgde, men noko kalde friluftselskarar i alle aldrar.

Då me tok turen i går, møtte me ei heil Oskorei (Åsgårdsrei) som kom mot oss på veg ned Småliane frå Klovskarvatnet. Og me som slo fast for eit lite år sidan at det ville gå nye 30 år til neste gong det blei skiføre der! Oppe på Klovskarvatnet møtte me flokkar med skiløparar som kom mot oss. Midt på vatnet fekk me og eit lite gløtt av sol, men det var nesten det siste me såg til sola i går. Resten av løypa rundt Melen ligg noko undersolt til, og derfor var det svært så kjølig. Faktisk så kjølig at det ikkje var naturleg å setja seg ned og slappa av. Lat oss håpa på litt mindre kaldt ver, utan at det går heilt over i mildver!