Solskinet langfredag lokka folk i hopetal til fjells i Fitjar.

Langs hovudvegane E39 og Fv. 545 var alle parkeringsplassar fylte til siste plass langfredag føremiddag. Eit klart vitnemål om at fitjarbuen nytta det sjeldne solskinet til å komma seg til fjells.

Den nye vegen frå Fv. 545 i Rimbareidfeltet bringar turgåarane eit godt stykke oppover, før dei må setja bilen frå seg ved bommen.
Til liks med parkeringsplassane ved hovudvegen var området framfor bommen overfylt av bilar, Her snakka me med både folk og hundar som ikkje kunne venta med å komma seg opp i høgda.

Lenger nede møtte me Harald Johan Sandvik og fleire famileimedlemmer. Dei visste ikkje heilt kor langt dei ville gå, men hadde utstyrt seg med det nyaste kartet over dei nye vegane. Dette kan du lasta ned på nettstaden til Midtfjellet Vindkraft.