Det blei ny valfart til fjells då Midtfjellet Vindkraft bad inn til gratis busstur i dag.

Bussturane til Midtfjellet har vist seg svært populære ved tidlegare høve, og i dag var ikkje noko unnatak. Bussavgangane klokka 10 og 12 viste seg ikkje å dekkja behovet. Det måtte setjast opp bussar også klokka 14. Brit Mari Olsen i Midtfjellet Vindkraft fortel at mellom 550 og 600 skodelystne kom seg med bussane deira i dag.

Vêret har ikkje vore mykje å skryta av i det siste, men i dag smilte vêrgudane til mølleutbyggjarane og «turistane». Bussen tok oss på kryss og tvers oppe i Midtfjellet, så folk fekk sjå kor langt prosjektet er kome. Ingen av møllene roterte då me starta turen vår klokka 12, for det var heilt blikkstilt oppe i Midtfjellet. Guide Johannes Koløen, styreleiar i Fitjar Kraftlag, fortel at at møllene treng 4 sekundmeter vind for å gå rundt. Ved 8-10 m/sek produserer dei normalt med straum, og ved 26 m/sek stoppar dei automatisk. Då er stormen for sterk.

No er ni av dei 21 møllene i første byggjesteg monterte, men det er ein komplisert jobb å setja ei mølle i drift. Resten av desse skal monterast i haust, og til våren skal det monterast 23 vindmøller. Dermed vil det bli totalt 44 vindmøller oppe i Fitjarfjellet.

– Dette er den første vindmølleparken i Hordaland, og den største i Noreg. På same storleik som vindmølleparken på Smøla vil den produsera 350 GWh, som er nok til å dekkja straumbehovet til 17500 husstandar, fortel guiden vår, Johannes Koløen.

Han fortel at dei har drive vindmålingar sidan 1997, og dei har vist at forholda for vindkraft er svært gode her oppe. Gjennomsnittsvinden på årsbasis i Midtfjellet er 8,1 m/sek mot f.eks. 7,1 m/sek på Slåtterøy fyr. Johannes Koløen fortel at anleggområdet er stengt for turistar i anleggsperioden. Men når alt er ferdig, vil heile området bli ope for publikum, for syklistar og fotturistar. Motorisert ferdsel vil ikkje bli tillate.
Vegen opp til Olstjødno vil truleg bli asfaltert og opna for publikum. Dette er ikkje i hendene på Fitjar Kraftlag eller Midtfjellet Vindkraft, men han håper at styresmaktene vil bestemma seg for at denne vegen skal vera open. Dermed vil fjellet bli lettare tilgjengeleg for ålmenta.

Mange av reisefølgjet vårt hadde aldri vore her oppe før. Den mektige utsikta over havet i vest og Folgefonna i aust let til å imponera stort. Det same gjorde kunnskapen til guiden vår, Johannes Koløen.