Medan somme ventar i det lengste med å flytta ut frå barnerommet, valde Linn Lise Hollund, Renate Myren og Julie Habbestad prøva seg på eiga hand då dei byrja på vidaregåande.

 

 

Jentene, som er frå Bømlo, har kjent kvarandre sidan barneskulen, og no er dei altså klassekameratar på linja Design og handverk ved Fitjar vidaregåande skule. Dei har sidan skulestart i august budd på hybel på Tveita.

 

Før dei kom så langt, var det ein del vurderingar som måtte gjerast. Ein må finna ut kva linje ein skal gå på, kva skule, og så er det jo om ein er villig til å flytta på seg for å få gå på den skulen og linja ein vil.

 

For desse bømlingane var det altså full ut akseptabelt å flytta på seg for å få det som dei ville.

 

Det å flytta heimefrå kan vera skummelt, og det kan vera lurt å undersøkja litt før ein hoppar i det.

– Eg var litt spent på korleis det ville vera å bu med vener, fortel Julie Habberstad. For å førebu seg hadde ho snakka med ein ven av familien som hadde vore gjennom noko slikt før. For vedkomande gjekk ikkje det så bra, fortel ho.

 

Sjølv om Julie hadde førebudd seg, blei det ein overgang.

– Den første veka lengta eg veldig heim til familien, fortel ho. Slike ting som maten heime er ikkje så lett å erstatta, erkjenner ho. Då hjelper det på å få med seg litt mat heimanfrå, for å døyva saknet, men ho understrekar at det ikkje har skjedd så ofte. – Eg har blitt meir sjølvstendig, seier ho. Og Bømlo og vener og familie der er ikkje så altfor langt vekke heller, når det kjem til stykket.

 

På hybelen har Renate Myren, Julie Habberstad og Linn Lise Hollund laga seg ein heim heimanfrå. Foto: Arne Vestbøstad

 

– Korleis fekk de tak i denne hybelen?

– Mamma sette inn ei annonse i avisa, der me søkte etter plass til tre. Me fekk to svar; denne og ein til, men denne var størst, fortel Linn Lise, og avslører med det at dei ikkje er heilt på eiga hand . Dei heime passar på at straumen og husleiga blir betal, men utanom det er dei ansvarlege for kvardagane sine sjølv.

 

– Kva reaksjonar har de fått på at de skulle til Fitjar for å gå på skule?

Jentene blir litt flakkande i blikket, og ser på kvarandre før dei innrømmer at folk har spurt dei kva dei tenkte på. «Det skjer jo ingen ting på Fitjar.» Men ei av jentene smett inn: «Skjer det så mykje heime, liksom?»

 

– Hybelen dykkar ligg jo ikkje akkurat i sentrum. Kva får de dagane til å gå med?

Me gjer lekser, ser på film, snakkar, teiknar, lagar mat. Me har kvarandre, men me har også eigne rom, så me kan trekkja oss tilbake når me ønskjer å vera åleine, fortel dei. Så hender det at dei får besøk av vener og familie, og dei reiser heim i helgene, så dei får lite tid til å sitja å stura for seg sjølv.

 

– Korleis ordnar det det praktiske i kvardagen, som til dømes med mat?

– Når me skal handla, tek me berre ein buss som går heim ein time seinare, og når me er på butikken, er me alle med på å leggja varer oppi vogna, og så er det ein som betalar. Når me kjem heim, deler me summen me har handlar for på tre, fortel dei. Og jentene meiner dei klarar å halda seg med eit variert og sunt kosthald, og ikkje går i noko pølsefelle. – Men det kunne det ha blitt no, for me kjøpte ein stor pakke pølser sist me handla. Men det var for at det var så billeg, skyt Linn Lise inn.

 

Faktisk har det gått så bra å vera elev på Fitjar, at både Julie og Linn Lise også neste år ønskjer vera i eksil på Fitjar. På spørsmålet om det er noko dei saknar, er det nesten berre direktebuss til Bømlo dei kan koma på farten.

 

Akkurat det med å vera «eitt år til» er eit kjent omkvede, frå gamalt av, frå den tid det heitte husmorskulen, ein institusjon som har vore ei stadig kjelde til rekruttering av nye fitjarbuar. Men førebels er det studietilbodet som lokkar mest, ifølgje jentene.

 

Tar ansvaret på alvor

Av dei om lag 250 elevane på Fitjar vidaregåande skule, er det årleg mellom 20 og 30 hybelbuarar. Hilde Førre er elevinspektør og studie- og yrkesrådgjevar ved skulen, og har eit særleg ansvar for hybelbuarane. Ho fortel at skulen følgjer denne gruppa tett.

 

– Tidleg på året har me eit foreldremøte for hybelbuarane, der me mellom anna fortel om mat- og helsetilbodet me har. Det er skummelt for mange å sleppa borna sine, særleg før dei er myndige, men me vil formidla at det er trygt å koma til oss, fortel ho. Eitt viktig tiltak for elevvelferda, er at kantina har sunn og rimeleg mat heile dagen, slik at elevane lett kan få i seg det dei treng for å yta sitt beste. I tillegg legg Førre vekt på å ferdast mykje ute blant elevane, til dømes i kantina,og vera tilgjengeleg for dei som ønskjer å ta kontakt.

 

I tillegg til å informera foreldre, har skulen fleire tiltak for å ta seg av dei som bur på eiga hand. Førre fortel at det blir arrangert kveldar der hybelbuarane kan koma for å spela saman, laga mat, sjå filmar, eller gjera andre ting saman for å bli kjent og koma seg ut. Eitt av desse hybelmøta er obligatorisk, medan det er valfritt resten av året.

 

Førre fortel vidare at skulen særleg følgjer opp hybelbuarane når det gjeld fråvær. I og med at det er stadig vanlegare at dei bur ein og ein på hybel, er skulen raskt ute med å oppsøkja dei som uteblir frå undervisninga, slik at ein er sikker på at det ikkje har skjedd noko gale med eleven.

 

 

Hilde Førre har det som ei av sine oppgåver å ta seg av hybelbuarelevane ved Fitjar vidaregåande skule. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Gir praktisk hjelp

Førre fortel at det ikkje er viktig at elevane skal bli kjent med kvarandre. Det er også viktig at elevane også blir kjent med bygda, sjølv om ein del vel å bu på Leirvik, og heller pendla dagleg til Fitjar.

 

– Eg orienterer om alle lag og organisasjonar i bygda, og oppfordrar elevane til å ta del i fitjarsamfunnet. Mange blir overraska over kor mykje Fitjar har å by på, fortel ho.

 

Ho fortel også at ho rett som det er hjelper elevar med å setja opp budsjett, finna jobb, skaffa hybel, læra å vaske klede, ja, gjer det ho kan for at nettopp hybelelevane tilknytt Fitjar vidaregåande skule skal ha ein så smertefri overgang som mogleg, frå det å bu heime til å prøva seg på eiga hand. For somme får tida på vidaregåande større konsekvensar enn andre.

 

– Eg veit at det er fleire som har blitt verande her og stifta familie, seier ho med eitt smil. Og betre attest går det kanskje ikkje an å gje denne rekrutteringsinstitusjonen, anten det er snakk om rekruttering til yrkeslivet eller familielivet.