Politiet gjekk i natt til aksjon mot ei privatadresse i Fitjar der dei pågrep ein mann som er mistenkt for vald mot ei tidlegare ektefelle, som no er busett på Stord.

Kvinna som vart utsett for valden, er i 30 åra, og ho fekk skader i andletet/hovudet då ho vart angripen.

 

Kvinna vart brakt til Stord sjukehus for behandling av skadene, opplyser operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.