Det ruva ikkje så høgt i eggeglaset vaktelegg frå Tveit og det var lite å bli mett av,  men smakte godt det gjorde det verkeleg.

Fem vaktlar held til i hønsehuset på garden Tveit i Osterneset, fire høner og ein hane.  Små, gulbrune og spraglete hønsefuglar på størrelse med ein stær. 

Så langt gardsfolket kjenner til er det ingen andre på Fitjar som har vaktlar, og dei fem som held til i tunet hos familien Muri Slettebø kjem opphavleg frå Stord. Vaktelhønene er meir produktive enn vanlege høner og legg i snitt 1,7 egg kvar dag, fortel matmor Kjersti. 

-Dei smakar som vanleg egg, men det må litt fleire til. Me kokar dei og et dei som vanleg kokt egg, eller brukar dei når me skal baka, forklarer Inger på 15 år som set stor pris på gardslivet og det å ta seg av forskjellige spennande og uvanlege dyr.