På fredag startar vaksinasjonen mot den nye influensaen i Fitjar kommune.

Vaksinasjon er det mest effektive tiltaket for å beskytta seg mot pandemisk influensa (svineinfluensa). Helsemyndighetene anbefaler i første omgang vaksinasjon av risikogrupper for å førebyggja alvorleg sjukdom og død.  Etter vaksinasjon av risikogrupper vil det koma oppslag vedrørande tidspunkt for vaksinasjon av resten av befolkninga.

Vaksinen vil kosta 50 kroner pr. vaksine, og ein må truleg ha 2 dosar med minimum 3 veker mellom for å få best vern mot sjukdomen.

Risikogrupper:
• Gravide
• Vaksne og barn fra 3 til 64 år med:
kronisk luftvegsjukdom
kronisk hjarte- og karsjukdom
nedsett forsvar mot infeksjonar
diabetes type 1 eller 2
kronisk nyresvikt eller leversvikt
kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
personar med svært alvorleg fedme

VAKSINEN BLIR SETT VED HELSESTASJONEN I HAVNAHUSET OG FITJAR BU- OG BEHANDLINGSSENTER:

FREDAG 30. OKTOBER
 
KL. 08.30 – 10.00:
GRAVIDE OG HELSEPERSONELL.
KL. 10.00 – 12.00:
PERSONAR I RISIKOGRUPPENE MED ETTERNAMN FRÅ A-N.
KL. 12.30 – 15.00:
PERSONAR I RISIKOGRUPPENE MED ETTERNAMN  FRÅ O-Å.

Ta med personnummer.

Det er viktig å klarera med fastlegen din om du kan ta vaksinen t.d. ved f.eks eggeallergi,  akutt feber , kjemoterapibehandling eller tidligere anafylaktisk reaktion ved vaksinasjon.