Tid om annan er det svanar heilt inne ved kaikanten på Sjøsio. Det var det òg i veka som gjekk.

Tydelegvis er dei òg vande med å få mat, for då me nærma oss kaikanten for å fotografere dei, symde dei ikkje vekk.

Tvertimot. Dei kom symjande mot oss i god tru på at me hadde godbit til dei. Det hadde me diverre ikkje. Men vakre var dei, og kanskje har me noko godt i lomma neste gong dei dukkar opp.