Ved stranda framom bankbygget møtte me for nokre dagar sidan to kajakkpadlarar. Dei hadde padla frå Strømstad og var svært begeistra over Norskekysten. -Det er helt annorlunda och vackrare och friskare här än hämma ved Stockholm og Østersjøen, sa dei til fitjarposten.no. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei to som heiter Karin Åmossa og Martin Hoffman har teke permisjon frå jobben og har ambisjonar om å padle 300 mil på hundre dagar. Då vil dei i tilfelle kome heilt til Grense Jakobselv.

-Men om me klarer det, veit me ikkje, seier dei, kanskje litt realistisk.

Når me spurde om Norskekysten var om lag som den svenske, fekk me svaret ovanfor. Dei fortalde vidare at dei var svært begeistra over det hadde hadde fått oppleve så langt, både av natur og dyreliv.

-Häromdagen såg vi en nise, smiler dei.
(Me veit at nise heiter tumlare på svensk, men dei sa faktisk nise, så kanskje plukkar dei opp litt norsk på turen òg.)

Overnattinga skjer stort sett i telt, men av og til tek dei inn på hotell for å få dusja og nyte litt komfort på turen.

300 mil på hundre dagar, tre mil kvar dag. Det høyrest tøft ut, og det er berre å ønskje dei lukke til vidare.

 

Martin Hauffmann og Karin Åmossa. Foto: Håkon C. Hartvedt