Blomsterkassene er på plass, til glede for fastbuande og for tilreisande.

 

Fredag kveld såg me to som gjekk dragande på ei kjerre med påmontert tank. Kven var det tru? Litt seinare stod Tora og Torvald Ingebrigtsen ved ei av dei mange gatelyktene i sentrum og vatna i blomsterkassene.

Dei fortalde om det frivillige arbeidet dei no held på med for fjerde år på rad. Rett før konfirmasjonshelga vart det planta ulike sortar blomar i alle kassene som er hengt opp i sentrum. Men i år var nok det litt tidleg, seier Torvald, for dei har måtta plante noko på nytt. No vonar dei på lagleg ver framover.

Tora og Torvald syter for stell av alle blomane heile sommaren, og det må vatnast med jamne mellomrom, avhengig av temperatur og nedbør. I år er vatninga mykje forenkla, takka vere hjelp frå ein av butikkane i sentrum. I ei hendig ”mjølkekjerre” står ein vasstank  med tilhøyrande batteridriven båtlensepumpe. Med stiv slange forma som ein hyrdestav går det greitt å vatne også i dei høge kassene på lyktestolpane. Det såg ut som Tora og Torvald gjorde arbeide med glede.