Førstkomande torsdag vert det ny temakveld i Fitjar Kyrkje. Denne gongen er det tidligare vikarprest i Fitjar, Ola Ohm som kjem saman med Magnhild Mo og Line Lyngvær Tranvåg.

Ola Ohm er no prest i Den Norske Kyrkje på Austre Åmøy og pastor i Klepp Frikirke. Han er også utdanna kyrkjeorganist både frå London og Høgskolen i Stavanger. Platedebuten kom i 2004 med «Lengt» og i 2010 kom CD-en «Håp» – spelt inn på Utstein kloster.

Magnhild Mo er no kantor og ungdomsarbeidar og har tidlegare vore distriktsmusikar i Sunnhordland. Ho er også musikar i Stavanger Symfoniorkester.

Line Lyngvær Tranvåg er oppvaksen på Fitjar og har lærarutdanning med fordjuping i drama og kunsthistorie. Ho har også vore eitt år som teaterlærar på Buskerud Folkehøyskole .

– Temaet denne kvelden er «Håp-lysglimt frå ei anna verd» – ein kveld der desse tre vil freiste å gje litt farge og håp til kvardagen vår. Velkommen i Fitjar Kyrkje på torsdag kveld, oppmodar Eli Simonsen i arrangementskomiteen.