Det er alltid vakkert å tenna lys i mørketida. Når dette blir kombinert med Den glade bodskapen, blir det velsigna.

Det vart såleis ei fin oppleving å vera til stades på lysmessa i Fitjar kyrkje i går kveld.

Konfirmantane var med i det meste som skjedde, kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu heldt ein konkret og god tale – og så fekk me eit spennande gjenhør med Fitjar Tensing. Sjølv oppmickinga til solistane svikta noko, lovar dette svært bra.