Opninga av utstillinga «Sennepskornet» i Kultursalen i går var både vakker, verdig og talande.

Utstillinga vart opna av ordførar Wenche Tislevoll, som hadde sett seg godt inn i bakgrunn og innhald, både til utstillinga og kunstnaren, kasakhstanske Nelly Bube. Ho sa seg glad for at utstillinga kom til Fitjar og for at utstillinga er designa av fitjarbuen Aud Gloppen.

Kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland gav ros til den lokale komiteen, og heidra spesielt Eli Simonsen, Benedikte Meyer og Anne Britt Tornes med blomar. – Desse tre har i tillegg gjort eit framifrå arbeid med kyrkja sine temakveldar, understreka ho.

Før ein gjekk vidare i programmet, gav Judith Hageberg til beste nydeleg fløytespel, akkompagnert av kulturskolerektor Anne Lene Østvold Jordåen på eit av nummera. Ingen tvil om at fitjarjenta er i stadig god musikalsk utvikling.

Bibelselskapet var representert med generalsekretær Ingeborg Mongstad-Kvammen, prosjektleiar for utstillinga Anne Kristin Aasmundtveit og Vårt Land-journalist (og nesten fitjarbu) Martin Eikeland som har tre månaders permisjon for å bistå utstillinga.

Mongstad-Kvammen var imponert over den lokale komiteen som har laga kulturprogram for heile veka, og starta med å rosa dei. Ho fortalde elles at Bibelselskapet hadde kjøpt utstillinga for å ha ho i nokre år, men etter kvart skal ho tilbake til Kasakhstan. – Me vonar at bileta med sitt austlege perspektiv, og ny bibelomsetjing, kan gje folk eit nytt møte med Bibelen, sa ho.

Prosjektleiar Anne Kristin Aasmundtveit syntest alt gullet i bileta kom ekstra godt fram i lyssetjinga i Kultursalen på Fitjar. – Gullet står for den same tradisjonen som ikonane, og minner oss om at æva er nær heile tida. Ho siterte og kunsthistorikar Gunnar Danbolt som ser på denne utstillinga som eit møte mellom austleg og vestleg tradisjon, med Austen som legg på den evige bodskapen i kunsten, og Vesten som tilpassar det kunstnarlege uttrykket til oppfatninga og tradisjonen i samtida. Mellom anna liknar ikkje Nelly Bube sine bilete av Kristus, våre vestlege Kristusbilete, sa ho.

Utstillinga er todelt. Halvparten av bileta finn du i Kultursalen, resten i kyrkja. Laurdag og søndag er ho open frå kl. 12:30 -15:30. Måndag til fredag frå kl. 17.00 -20.00.