Kaldt, men svært pent i Rossneset i kveld.

Det var bikkjekaldt i Rossneset i ettermiddag. Men verken Hrafn Thorsteinsson eller bikkja Kaisa – eller nokon andre i følgjet hans – klaga over kulden. Tvert imot hadde dei hatt ein flott tur då me møtte dei.

Fitjarposten tok turen rundt Rossneset og fekk ei naturoppleving av dei sjeldne. Men det gjeld å kle seg – dette er ikkje ver for den som ikkje veit kva stil longs er.