Rundt 120 tilhøyrarar fekk med seg ein til tider litt monoton, men i mykje større grad vakker og velsigna konsert med Solveig Slettahjell i Fitjar kyrkje i kveld.

Slettahjell dreg ut stavingane og tonane i songane på ein nesten resitativ måte. Det gjer ho på kjenslevart vis. I rolege melodiar meir enn elles. Dette er vakkert, melodi for melodi, og sit ein og lyttar i stille, er det balsam for sjela. Slik òg i kveld. Men når fem-seks slike songar kjem etter kvarandre, vert det likevel litt monotont.

Når det er sagt var tekstene og songane me fekk høyre i kveld av ein slik art at me ikkje berre tolte det, men vart velsigna av både songen og tekstane. For her kom perlene på rekkje og rad. Tekstar og melodiar som har overlevd tiår etter tiår. Som «Jag kan ikke rekna dem alla», «O,Jesus opne du mitt øye», «Hjemme i himlen», «Salige visshet» og «Løftene kan ikke svikte».

Fleire av desse var heller ikkje monotone, men fylte av herleg veksling mellom piano og forte, varierande dynamikk og nydeleg frasering. Solveig Slettahjell har då òg ei heilt fantastisk stemme som verkeleg tåler trøkk, samstundes som ho framfører den svakaste pianissimo, sjølv i høgda, på utruleg vakkert vis.

Me må òg trekkje fram pianisten Øyvind Kistiansen som følgde Solveig som «ein skugge» og understrekte tekstane på ein svært fin måte.

Alt i alt ein temakveld det var vel verdt å få med seg.

Ingressbilete: Solveig Slettahjell i Fitjar kyrkje i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Solveig Slettahjell og pianisten Øyvind Kristiansen. Foto: Håkon C. Hartvedt