Litt tamt til tider, men nydelege klangar, harmoniar og dynamikk gjorde stunda med Seim songkor til ei god oppleving. Men publikum svikta.

Seks betalande er skammeleg når eit så godt kor kjem til bygda. Men det skal ikkje gå ut over verken koret eller dei seks som var der. Songar som «Så skimrande var aldri havet» og «Ein solskinsdag» vart skikkeleg vakkert framført, og pianisten Frode Skag Storheim synte framifrå teknikk, sjølv om han enno manglar litt på «det lidenskapelege».

Men som sagt: Ei fin stund, og me trur dei som ikkje var der gjekk glipp av noko.