Fitjar Festivalen, direkte: Ingvild Oma og Marthe Volden Nordfonn skal begge opp i tiande klasse i haust. I dag delte dei noko av musikken sin med festivalfolket på Sjøsio.

Men Ingvild på piano og god, samstemt duettsong, formidla dei to ungdommane vakre popballadar og synte endå ein gong at dei har talent me heilt sikkert vil få høyra mykje meir til i åra som kjem.

Mange stoppa opp og fekk med seg dei vakre tonane.