Fitjar Folkebibliotek inviterer til både kjekk høgtlesing og gode vaflar den 21.mars.

– Me er so heldige å få besøk av forfattar Anna R. Folkestad den 21.mars. Ho skal lesa frå biletboka si «Ulla» kl.12, fortel den blide biblioteksjefen Silje Vågen Torbjørnsen.

Ho kan fortelja at den nyaste boka til forfattaren og illustratøren i frå Stord har fått gode meldingar, og Torbjørnsen gler seg til å få besøk.

– Etter høgtlesinga vil Folkestad teikna med ungane, før dei kan få teikna fritt eller leita etter postar som er gøymt rundt om på biblioteket. Det ventar flott diplom til alle som deltek, smiler biblioteksjefen.

Ho understrekar at det sjølvsagt ogso vert høve til å låna bøker, som vanleg.

– Hovudkarakteren i «Ulla» med sama namn som boka elskar vaflar. Difor vert det sjølvsagt vaflar å få smakt på biblioteket denne dagen, seier Vågen Torbjørnsen.

Hendinga høver best for born mellom 4 og 8 år, men alle er velkomne.