Sander Hrafnsson Tvergborgvik og Mats Westvik selde vaflar til inntekt for eit OD-prosjekt i Malawi og Etiopia i dag.

– Det har vore roleg og fint å sitja her, og greitt å kunne gjere noko for mellom anna at andre ungdommar får gå på skule, seier dei.

Begge er dei elevar på Stord vgs, og dei går i same klasse på 1. år elektro. Me kosar oss der, smiler dei.

Les meir om OD 2014 her. 

Elles var òg mange elevar frå Rimbareid skule på jobb for OD i dag. Også dei i jobb for at andre ungdommar skal ha det bra.

Sjå mellom anna her.

Ingressbilete: Sander Hrafnsson Tvergborgvik og Mats Westvik i aksjon utanfor Larsenbygget. Foto: Håkon C. Hartvedt