Den første og den tredje onsdagen i måneden er det vaffeltreff for pensjonister i Fitjartun. Slik har det vore i 20 år.

Og i dag jubilerte den glade pensjonistggjengen med kremkaker frå Cafe Annemor og nydelege lefser, laga av Johanna Heggøy. I tillegg var det underhaldning av Per Drønen, som las morosame vers av Jimmy Øvredal, og  Lars Helland og Jakob Vik på trekkspel/ mandolin som spelte til allsongane. For å syngje, likar dei, pensjonistane.

Langborda var pynta vårleg, med grøne serviettar og blomeoppsatsar, laga av Torvald Ingebrigtsen, og banksjef Ingrid Vestbøstad vart på pletten med ein gåvesjekk, «til å dekka nokre av utgiftene de har», som ho sa det.

Laget vart starta av Annemor Larsen, Anna Nesbø og Styrk Sørfonn, og at det var onsdagen som vart plukka ut, var ikkje tilfeldig. For 20 år sidan var tippeinnleveringa på onsdagen, og likeeins var den den dagen den såkalla «konebussen» gjekk.

Noverande leiar, Liv Rimmereid, fortel til fitjarposten.no at dei utanom onsdagstreffa, dreg på turar saman med pensjonistforeiningen i eit reiselag dei har kalla Fitjar seniorreiser. Ein dagstur i april, ein langtur i august – og så ein dagstur igjen, seinare på hausten.