Torsdag slår barne- og ungdomsklassen ved Fitjar Vidaregåande Skule til med Vaffeltreff i kantina på Fitjar Vidaregåande Skule.
Inntektene går til Bobrinetz barneheim i Ukraina, og elevane lovar "unik underhaldning".
Det heile startar kl. 16.00. Då framførast mellom anna "Hymne til kvinnen" og ein "vaffeltreff-sketsj". Åresal vert det òg.
Klokka 17.00 vert det barneteater i klasserom 1 og 2.
Willy Ersland frå Barmhjertighetsbussen vil òg vera til stades. Han har med seg gjestar frå Ukraina og vil i tillegg visa film.
-Engasjementet overfor barneheimen i Ukraina begynte med elevane som no er russ, men no adopterer barne- og ungdom ideen. Det er kjempebra, seier ein svært nøgd VGS-lærar, Sissel Jørgensen, til Fitjarposten.