I dag har Joker feira den nasjonale vaffeldagen, og på Rydland blei det servert både kaffi og nysteikte vaflar til kundane.

Laurdag den 5. september er den nasjonale vaffeldagen hos Joker i heile Noreg. Kundane blei servert nysteikte vaflar med Joker-logo og syltetøy, til nytrekt kaffi.

Kaffikroken i Joker-butikken på Rydland blei godt besøkt i dag, og Reidun Aarbø hausta mange lovord for dei gode vaflane, både frå blide kundar frå fjern og nær, og frå butikkeigar Magne Skumsnes.

Ingressfoto: Kunde Ståle Øvrebø og butikkeigar Magne Skumsnes i kaffikroken på Joker Rydland.