Eit ektepar som gjekk på tur i området Lønningsåsen på Stord i kveld, opplevde at ein person løyste eit skot i retning av vegen dei gjekk på. Skotet small i fjellveggen bak dei.

Operasjonsleiar Trond Olav Friiberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at det var litt før kl. 20.00 i kveld at politiet fekk melding om hendinga.

Personen som løyste skotet skal ha kome ut på ein luftebalkong før han skaut. Det var ikke kjent for politiet om skotet var retta mot dei spaserande eller om dei rett og slett var på feil stad på feil tidspunkt.

– Ein politipatrulje frå Stord, forsterka med patruljar frå Haugesund, vart sendt til plassen, og klokka 21.10 meldte politiets innsatsleiar på staden at to personar, ein mann og ei kvinne, hadde forlate huset og blitt pågripne på utsida. Mannen i følgjet innrømde umiddelbart og uoppfordra for politiet at han hadde løyst skotet. Klokken 21.20 var politiet inne i leilegheita der dei fekk kontroll over våpenet, som synte seg å vera eit luftvåpen.

Mannen(26) vart seinare sett fri, men det vert oppretta sak mot han.