Svein Arne Jordan Raunholm utlikna for Fitjar med eit sjeldant mål fredag kveld. Foto: FP-arkiv/KR.

I kveld har A-laget til Fitjar hatt besøk av bergenslaget Vadmyra, som viste seg sterkast i andre omgang og vann så klart som 4-1 til slutt.

A-laget til Fitjar greidde seg bra i første omgang mot bra plasserte Vadmyra, og 1-1 ved pause var berre «rett og rimeleg». Gjestene tok leiinga midt i omgangen etter at Fitjar-forsvaret hadde klarert ein corner, berre for å sjå at Isak Emil Røsbø Haukefær var ledig på bakarste stolpe, og kunne plassera ballen kontrollert i mål.

Jonas Yang Tislevoll farleg frampå i byrjinga av kampen. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar heldt spelemessig godt følgje heile første omgang, og hadde fleire brukbare sjansar ved Jonas Yang Tislevoll og Daniel Skarpnes. Men mål blei det ikkje før Fitjar fekk frispark på vel 20 meter då Lars Fitjar Waage blei felt. Frisparkekspert Kristian Træet la ballen heilt nydeleg inne ved stolpen, og ei velfortent utlikning for Fitjar.

Tidleg i andre omgang hadde Fitjar eit par brukbare forsøk, etter knapt eit kvarter fekk Isak Haukefær igjen sjansen til å scora frå kort hald. Ved dette høvet kom innlegget etter ein stygg bom av Fitjar-forsvaret. Kort tid seinare var det klart for 1-3, då Thomas Hannisdal skaut eit flott bananskot frå 25 meter over Fitjar-keeper Ruben Træet.

Kampen blei avslutta med fleire sjansar for begge lag, men de var berre gjestene som lukkast framfor mål. Innbytar Steffen Kvidahl var heldig og lurte eit lompeskot inn ved stolperota, og fastsette sluttresultatet til 4-1 for Vadmyra. Sluttresultatet gir vel eit bra bilete på styrkeforholdet mellom laga. Gjestene høyrer heime på øvre halvdel av tabellen, og vann kampen på ein solid andreomgang.

Fitjar spelte ein brukbar kamp, og som vanleg var veteranen Helge M. Træet bestemann. Men elles var det kjekt å sjå Markus Gerhardsen og Adrian Mehammer igjen på A-laget. Og dei tre konfirmantane som kom inn på slutten viser at det er håp for Fitjar-fotballen.

Neste heimekamp for Fitjar i 5. divisjon avd. 02 er torsdag 29. august mot serieleiar Austevoll.

Kristian Træet scora eitt mål på frispark, men her lukkast han ikkje. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Vadmyra 1-4 (1-1)
Seriekamp 5. div. menn avd. 02
Fitjar Idrettspark 20 august kl. 19.00
Publikum: 75

Mål: 0-1 Isak Emil Røsbø Haukefær (24.), 1-1 Kristian Træet (40. min.), 1-2 Isak Emil Røsbø Haukefær (59.), 1-3 Thomas Hannisdal (67.), 1-4 Steffen Kvidahl (92.)

Gult kort: Magnus Nyhammer og Henrik Bø, Vadmyra; Helge M. Træet, Fitjar

Dommar: Ken Roger Solberg, Tertnes Fotball Herrer

Fitjar sitt lag mot Vadmyra:
Ruben Træet, Markus Gerhardsen, Svein Arne Jordan Raunholm, Helge Myrmel Træet (k), Ronny René Bjellebø (Adrian Mehammer 59.), Jonas Aleksandersen (Eirik Træet 64.), Kristian Træet, Jonas Yang Tislevoll (Joakim Malkenes Fitjar 73.), Lars Fitjar Waage, Leif Tore Nesbø Aarland (Jacob Myhre 82.) og Daniel Skarpnes.