Nytt tap for «Dikki» og A-laget til Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.

A-laget tapte 0-2 for Vadmyra

Fitjar har vore i Bergen og spelt fotball i varmen, men Vadmyra blei litt for gode, og sende Fitjar heim med 0-2 i den sure fotballbagen.

 

– Me er ikkje gode nok, seier ein litt oppgitt Leif «Dikki» Steensohn etter dagens tap i Bergen.

Han måtte sjå gutane sine sleppa inn eitt mål i kvar omgang, og det var nok for Vadmyra til å behalda alle tre poenga i Bergen.

– Me skaper ingen ting framover, seier Fitjar-trenaren, og når du ikkje har skot på mål, kan du ikkje vinna fotballkampar. 

Det første målet kom etter 20 minutt på eit langskot som gjekk over heile forsvaret og dagens Fitjar-keeper, Ruben Træet. Det andre målet kom etter 69 minutts spel på ein retur etter eit langskot. 

Fitjar-trenaren konstaterer at spelarane hans ikkje har den nødvendige sjølvtilltiten, og er spesielt oppgitt over det offensive spelet. No gjeld det berre å konsentrera seg om dei to kampane som står igjen av vårsesongen, heime mot Stord 2 komande fredag, og borte mot Halsnøy / Trio 2 torsdag 21. juni. Tabellen for 5. divisjon taler sitt tydelege språk. 

I dei to kampane MÅ me ha poeng! avsluttar «Dikki». 


Vadmyra – Fitjar 2-0 (1-0)

Seriekamp 5. divisjon avd. 03
Vadmyra kunstgress 9. juni 2018 kl. 15.00
Dommar: Shuvo Paul, Mathopen IL

Fitjar sitt lag: 
Ruben Træet, Leif Tore Nesbø Aarland, Nils Ingard Værness Tislevoll, Sander Hrafnsson Tverborgvik, Helge Myrmel Træet (k), Torbjørn Korsvik, Bernt Ove Maraas, Marius Helland Storebø, Mats Vestvik, Daniel Skarpnes og Jonas Yang Tislevoll.  Innbytarar med speletid: Kristian Træet, Øyvind Fykse Lie, Svein Arne Jordan Raunholm og Øyvind Fluge Rydland.