Armelyn Mehammer som kom til Noreg frå Filippinane i 1994 har vanskeleg for å finne ord når me snakkar om det som no skjer i hennar tidlegare heimland.

Det næraste ho kjem er ordet: Uverkeleg!

– Det er slik det kjennest, seier ho. Både flom og heftige brannar har herja tidlegare, men noko slikt som det nyheitsbileta er fullt av no, saknar sidestykke, seier ho til fitjarposten.no.

Sjølv har ho ikkje slektningar eller kjenningar som er direkte råka av ulykka, men at det er tøft å sjå kva som skjer i landet der ein voks opp, treng ingen å lure på.