Tittelorda kjem frå Jorunn Hernes og Johannes Sandvik under utdeling av næringsprisen 2011 under Fitjar Næringsråd sitt årsmøte på Fitjar fjordhotell i går kveld.

– Samstundes ser me det som flott at Fitjar kommune på denne måten anerkjenner, ikkje berre det arbeidet me har gjort, men òg arbeidet dei andre som tilbyd tomter og hytter på Kråko har gjort, la Johannes Sandvik til. 

Ordførar Wenche Tislevoll hadde då overrekt prisvinnarane ein spennande skulptur, laga av fitjarkunstnaren Leif Hedman.

– Det er med stor glede at eg gjev Næringsprisen for 2011 til Jorunn Hernes  og Johannes Sandvik, sa ho, og fortsette: – Heilt i frå dei kom til bygda har dei medvirka sterkt til mykje ny aktivitet, og dei har fleire spennande prosjekt på lur.

Johannes Sandvik kvitterte med å skryte av leverandørane (mange fitjarfirma).

– Samarbeidet med dei har vore strålande, sa han.

stéroïde anabolisant