Kultursjef Bente Bjelland ventar på søknader om kulturmidlar. Foto: Kjetil Rydland.

Søknadsfristen for kulturmidlar frå Fitar kommune er utvida til søndag 16. desember.

Det er kultursjef Bente Bjelland som melder dette i dag.

Lag og organisasjonar i Fitjar kan søkja om tilskot til drift eller særskilde prosjekt. Organisasjonar som inkluderer born, vert prioriterte, men alle kan søkja.

No viser det seg at det har kome inn ganske få søknader, og kultursjefen utvidar derfor fristen til førstkomande søndag.

– Legg ved budsjett, kontonummer og kontaktinformasjon, og send søknaden til kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland på e-post: bebj@fitjar.kommune.no.

Ny søknadsfrist: Søndag 16. desember!