Radio Fitjar har utvida sendinga med tre ekstra timar kvar dag. Dermed vert det sending frå klokka 12.00 til 21.00 heile veka frå måndag til fredag.

– Radioen vil fortsetja å sende program laga av P7 Kristen Riksradio, Norea Radio og litt lokalt. Me vil òg prøve å hente inn program laga av organisajoner andre stader i landet, og har starta opp med program frå Filadelfia Kristiansand kvar dag kl. 18.00.

Musikken som vert spela i Radio Fitjar er ulik den me til vanleg høyrer i norsk radio, og me har fått positive tilbakemeldingar på den, opplyser Ole Haukeland til fitjarposten.no.

Radio Fitjar sender på FM 105.9 MHz og kan høyrast i delar av Bømlo og Austevoll i tillegg til Fitjar.