Første søndag etter påske skal piggdekka etter regelverket vera skifta. Grunna vêrforhold lokalt, oppmodar Haugaland og Sunnhordland politidistrikt at publikum likevel vurderer sine eigne behov.

– Me oppmodar innbyggjarane til å følgja regelverket. Regelverket gir likevel rom for at ein vurderer ansvar i forhold til føre og trafikkforhold, seier Edgar Mannes, leiar for Felles Operativ Eining (FOE) i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Det er meldingar om varig nullføre som er bakgrunnen for at politiet har bestemt seg for at ein ikkje kjem til å handheva regelen to veker fram, frå søndag 7. april. Dette betyr at det ikkje vil bli skrive ut førelegg til bilførarar som vurderer at dei framleis har behov for å køyra med piggar.

– Denne slutninga er teken av politiet i samråd med distriktsleiar i UP og Statens vegvesen lokalt, skriv  Mannes i ei pressemelding.