Frå no og fram til 26. juni får du ekstra lang lånetid på bøkene du låner på Fitjar og Stord folkebibliotek.

– Forfallsfristen vert 13. august på bøkene, men for filmar og tidsskrift gjeld vanlege lånetider inntil vidare. Biblioteket held ope fram til og med 26. juni. Første opningsdag etter ferien vert 11. august, fortel bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen til fitjarposten.no.