Øyvind Fykse Lie er teken ut til talentleir for unge fotballspelarar. Leiren som skal vera i Porsgrunn, kan reknast for å vera ei landslagssamling for spelarar i aldersbestemte klassar.

Øyvind som framleis er gutespelar (G94) har allereie fått fast plass på A-laget til Fitjar. Det har  vore eit av delmåla hans, får me vita.

Andre delmål han allereie har oppnådd er å bli med på kretslaget. I det siste har han vore fast på Hordaland fotballkrets sine samlingar. Her har han  blitt oppdaga, og funnen god nok til å bli med på «landslagssamlinga» i Porsgrunn.

-Dette hadde eg ikkje venta, sjølv om eg heller ikkje vart sjokka når eg fekk vita om det, smiler Øyvind, som sjølvsagt er glad for uttaket.

Om framtidige mål fortel han at han etter ungdomsskulen vonar å koma inn på fotballgymnaset i Bergen, og så kanskje få spela for LøvHam. Eit langsiktig mål er å koma på Ungdomslandslaget, seier han til fitjarposten.no