Har du bruk for eit gammalt strykejern, Norgesglas eller eit nattmøbel?

To damer frå Bergen er på plass og tilbyr litt av kvart frå «gamle dagar». Matrosdress eller kjole var finstas for born på femti-talet. To eksemplar av desse plagga kan du kjøpe på denne festivalen. Eller kanskje ein crimpelin-kjole fristar? I ei korg ligg Alnæs si lesebok frå 1939. Strykejernet er kanskje brukande for den som måtte mangle elektrisitet på hytta, eller berre til pynt. To koffertar fulle med dukar og brikker av gammal årgang vekkjer interesse hos nokre kvinner.

Dei to bergensdamene fortel at dei stiller ut på messer på hobbybasis. Det let seg ikkje gjere å ta bilete av dei sjølve, men fritt fram for foto av varene deira.