Fredag 4. mai opna Årskog barnehage kunstutstillinga si hos Varehuset Larsen. 

Kultursjef Bente Bjelland, som hadde den offisielle opninga, var imponert over kva barna i barnehagen hadde laga og premierte dei med ispinnar.

– Årskog barnehage har årleg ei kunstutstilling kor dei viser fram det dei har laga i løpet av barnehageåret. Dei er innom ulike teknikkar og material, og det å legga tilrette for kreativitet går som ein raud tråd gjennom heile barnehageåret. Barna har også i år laga flotte kunstverk som både kunstnarane sjølve og me andre er imponerte over, fortel styrar Torhild Alsaker til fitjarposten.no.

Ho fortel vidare at opninga gjekk føre seg med song frå barnehagebarna og servering av kjeks og juice til tilskodarane, og ho rettar ein stor takk til dei som stilte opp på opninga.

Utstillinga vert ståande i utstillingsvindauget hos Larsen fram til 25. mai. Ho er vel verd å sjå på.