I samband med Vil Vaka-opplegget opna kunstnaren Yngve Bukkøy utstilling på Torsdagsøy i går. Foto: Kjetil Rydland
Kunstverka er stilt ut i stova, uthuset, utedoen, slipesteinen og på fuglebrettet.
Så svært stor tilstrøyming til utstillinga var det ikkje i går, men det kom og gjekk litt folk ute på den idylliske øya i havgapet, og etter kvart var det ein god el med folk som stakk innom. Og sal vart det allereie heilt i starten.
– For den som er på jakt etter noko spesielt, kan det framleis vera verdt å ta turen, seier Kjetil Rydland, ein av dei som var utom, til fitjarposten.no.
Utstillinga vil vere open dagleg fram til søndag 28. kl 15:00.
I Gallri Losjen har fotoutstillinga ope frå 17-19 kvar dag til og med søndag.
Kunstnaren er til stades i perioden.
Hovudet på fuglebrettet er i rakubrent keramikk. Foto: Kjetil Rydland
Vakre Torsdagsøy. Foto: Kjetil Rydland.